torsdag 29. desember 2011

Lubbe-restaurering...


Mormor til E. er mester i strikking av lubber, flink til å bruka opp alt restetråden og flink til å sette saman fargar. Eit par av favorittlubbene til E. er no etter 3 rundar med stopping ikkje lenger til å redda med nål og stoppesopp... Så då må ein til med meir omfattande restaurering. Garn i tilnerma like fargar er innkjøpt... den utslitne foten er klippa av skaftet og nye masker henta fram i dei gamle... så blir gamalLubba brukt som mønster for nyLubba...

lørdag 10. desember 2011

Kvardagsmagi...



E. har fått nytt arbeidsrom... utsikta ei morgonstund gir både arbeidslyst og inspirasjon...

søndag 4. desember 2011

Fabelinsekter + symaskin = Bokmerke



Laserprint på gode gamle overheadark sydd på diverse bakgrunnar som våtromstapet, utklipp frå reklame og ark med tekstur...

Farga med tusj og kollasj...


Insekter farga med tusj og utklipp frå interiørmagasin...

Fingermerker, Insekter og Leik med strek...



E. skulle leika litt med teikning... med tanke på julegåver til dei minste... Fingeravtrykk blei teikna litt på så det blei innsekter av dei, også litt kollasj, så skanna inn på pc og ordna på i Photoshop og Illustrator...

Engler på Epla...



Nå finn ein LyspæreEngler og SveveEngler på epla...
paaglott.epla.no

mandag 31. oktober 2011

Jul og Gjenbruk



E. hadde særs trivelege dagar med flinke, kreative og inspirerande kursdeltakerar på Jul og Gjenbruks-kurs i Rosendal i helga! Ei av oppgåvene var å laga "Hjarte for Jul og Gjenbruk" av utgåtte strikkasokkar. På bilde ser ein dømer på produkt kor både kaffiposar og paljettar "juler opp" dei slitne lubbene til små skattar.....

tirsdag 25. oktober 2011

Jul og Gjenbruk


Til helga blir det Jul og GjenbruksKurs i Rosendal... Då skal med leika... med FabelNissar, saum og Symaskin!

onsdag 28. september 2011

PlasterTrøye













M er student, og dette er resultatet av siste oppgåve.

søndag 25. september 2011

KursHelg 24.-25.september



7 trivelege, kreative damer har vore på kurs i helga... "Poetiske Prøvelappar og Lause trådar"... Her ser du nokre eksempler på produkt, t.d. kollasjar av papir, tekstil, rammelim, svulmepasta, knappar og edle metall.....

BokOrm, Strømper og Bra Kjøken...




Bokmerke av Tekstil, fargeprøvar, rammelim, songar og saum... BokOrmen er eit fingeravtrykk påteikna litt strekar her og der, så det blei ein bokorm, før det er overført til tekstil og festa til papir med symaskin som verktøy... Artige gamle reklamar for fantastiske kjøken, sterke strømper og supre plastikkdukar

BokOmslag



Bokomslag med gamle reklamar montert med rammelim... Å skrive notatene i ei "heimelaga" bok er mykje kjekkare! .....

torsdag 7. juli 2011

Nye bilder

Nåleputer og nålebrev




















Småting av stoffrester ...

fredag 25. mars 2011

3.Kurskveld...


Her ser ein nokre av dei fine produkta frå den tredje og siste kurskvelden... Då me jobba med kollasj av ulike material og symaskin som verktøy...

torsdag 24. mars 2011

FargeKlatt...ein pose Kvardagsmagi...


...Det finnes så mange fine fargar! Dette er ein fargeklatt...Eit PåGløtt-produkt av utgåtte materialprøvar på linoleum...

fredag 18. mars 2011

2.Kurskveld...


Eit lite utval produkt frå kurskveld 2...Kort av tapet og andre prøvelappar, brosje og medalje i flossteknikk, rammelimstrykk, tapet, knappar... og andre lause trådar...

lørdag 12. mars 2011

MesseLørdag...


Det vart ein triveleg dag på Vormedal grendahus...
Kor PåGløtt hadde stand saman med Kunsthjørna...
Messa er og open søndag 13.03 kl. 12-17...

2 Brikker - Kvardagsbrikker til Kvardagskos...


... er eit PåGløtt-produkt av gjenbrukte fargeprøvar på linoleumsbelegg.
...Når du skal setta deg ned og slappa litt av med ein kopp te eller kaffi, i godt selskap, legg du brikkene under yndlingskoppane...Kos deg!

fredag 11. mars 2011

Brosjer...


Eit utval av dagens produksjon: Brosje til liten og brosje til stor... Laga av gjenbruksmaterial...Fleire Brosjer kan ein finna på helgas Babymessa på Vormedal grendahus, lørdag og søndag kl. 12-17...

lørdag 5. mars 2011

Nett til Stor og Nett til Liten


...Så kan dei ha likt nett når dei skal på handel... (Det lilla stoffet er til å bli glad av, og var i 1974, ein portier i leiligheten til Tante E.)

Nett til dei Små...


Nett til dei små... akkurat halvparten av dei store...

Nye Nett...


Nye Nett av IKEA Stocholm, Tante G. sin kjole frå 1978, Tante E. sin duk frå lenge sida og hytteduk frå loppis...

fredag 4. mars 2011

1.Kurskveld

Det vart ein triveleg kurskveld i lokalene til Sy Med Oss i går! Me leika med tekstil og papir, og prøvde ut rammelim, metallfolie og svulmepasta. Etter å ha jobba med utprøving laga me Bokmerke, kor symaskinen blei brukt som verktøy for å laga kreative produkt ut at prøvelappane...

torsdag 10. februar 2011

Poetiske Prøvelappar og Lause Trådar...


PåGløtt skal ha kurs i regi av Sy Med Oss http://symedoss.no/kurs/lause-tradar/
- Kurset går over tre kveldar med tema: Leik med tekstile overflatar og symaskin som verktøy i kreativt arbeid.....

tirsdag 8. februar 2011

FrimerkeFestival


FrimerkeFestivalen 2011 gjekk av stabelen for litt sida... ein festival med frimerke i fokus og workshops med ulike teknikkar kor elevane laga bilder i frimerkeformat, av bl.a. frimerke...

Bokmerke...


Bruksanvisning: Legg Bokmerke i boka der du slutta å lese og finn sida igjen der du la Bokmerke sist...
Eit PåGløtt-produkt av gjenbruksmaterial: Fargeprøvar, laminerte ord og tantes oransje og grøne hettekjole frå 1978...

mandag 7. februar 2011

Hjarte for gjenbruk


Hjarte for Gjenbruk er eit PåGløtt-produkt av gjenbrukte ulltekstilar... kanskje er dette hjarte ein utgått strikkasokk, litt av det utslitte strikkaplagget eller delar av eit avleggs ullpledd... Teknikk: Tova ulltekstilar, lagt dobbelt, klippa i hjarteform og samanføyd med sikksakksaum, kvart hjarte har eit lite laminert ord på seg (ps. leverer du eit egna strikkaplagg til oss, får du eit hjarte i pant)

Det er tanken som tel...


GåvePose - det er tanken som tel... er eit PåGløtt-produkt du gir vidare til nokon du meiner fortener det... Fyll GåvePosen med noko fint og bruk den til å gleda...