Viser innlegg med etiketten NY FUNKSJON. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten NY FUNKSJON. Vis alle innlegg
torsdag 27. november 2014
Blåleg ÅkleFanden KvileKrakk...
Elevane skal igang med redesignoppgåve, kor produktutstilling og bygging av merkevare er eit hovudtema. E. har laga dømer, her er ein Frosta krakk frå IKEA til 69,- på veg til å bli ein KvileKrakk frå "Merkevaren" ÅkleFanden... Lag på lag av gjenbrukte tekstilar bl.a. åkle til pute, føter ikkje ferdig bearbeida...
mandag 10. november 2014
20 NålePuter...
Det er så kjekt å leika i laginga av NålePuter! Leika med farge, mønster, saum og knappar... Også er det greit å rydde opp i kaoset med å legga i cellofan og sy på etikett, så ramene blir litt stramare...
søndag 2. november 2014
søndag 26. oktober 2014
Bærenett...
Bærenett av nytt og brukt... Mørk grått solid bomullstoff som rame for fine, rare, mønsterrike gjenbruksstoffer: dukar som er ferdige med å ligga på bordet, klesplagg frå 70-talet og utgåtte fargerike kvardagsteksiler som er så fine at dei fortener et nytt liv i ein ny funksjon...
torsdag 7. august 2014
onsdag 21. mai 2014
Lilla...
Lilla åkle vevd i nyare tid... er blitt dekor i Puter og FotKvilar... Dei vevde åklene, både nye og gamle har så mykje fine fargar og mønster!...... men så passar det ikkje alltid inn med eit heilt stort åkle i interiøret... Ein liten åklebit derimot, kan væra prikken over i-en og ein liten fargeklatt i det kvite og grå...
torsdag 26. desember 2013
UllPuter og "Nytt" UllPledd
E. rydda i ullteppelageret og fann eit fantastisk fint kvitt og lyseblått ulteppe som inspirerte til ei økt med overlockmaskina... Eit ullteppe var saman med litt grått møbelstoff akkurat nok til to puter og eit kvadratisk ullpledd...UllPledd: Same materiale til same funksjon, men overlock-kanting, påsydd merkelapp og litt nuppefjerning gir opplevelsen av "Nytt" produkt.... som har beholdt sjela det bar med seg...
BakendeLunar og KneVarmar...
Gjenbruk av gamle ullteppe... dobbelt lag ullteppe, kanta og samansydd blir sitteunderlag... resten av teppet er kanta med overlock, avnuppa og dekorert med ein liten QR-kode med beskjed om eit ord du bør huske på i kvardagen...
søndag 17. februar 2013
3 UllPuter i gåve...
Julia fyller 5 år, og då skal det sendast ei gåve nordover... Julias: TenkePuta, KosePuta og SovePuta, laga av avlagte ulltepper, overlock og nokre gamle knappar frå ein arva knappeboks og nokre knappar trekt med gjenbrukstekstil...
søndag 3. februar 2013
Få, Gjenbruk, og gi bort...
Her er eit par eksempel på produkt laga til kurset "Gjenbruk og gi bort". Målet er å laga personleggjorte gåver. Gåver laga av material med ein historie gjer det ekstra personleg. Som mottakar valde E.å ta utgangspunkt i tanter som er flinke til å bidra med gjenbruksmateriell. Nålepputa er laga av ein romdelar/gardin som Tante E. hadde i sitt fyrste husvære på slutten av 70-talet. og Halsen er laga av ein godt brukt, holete strikkagenser, som Tante S. no kan få igjen, med ein ny funksjon.
lørdag 15. desember 2012
GjenbruksJulaTre...
GjenbruksJulaTre: Ein bjørkekvist festa og fundamentert i ein maisboks med gips, PapirKorger med papirklipp...av gamle boksider, interiørmagasincover, tapetprøvar og symaskinsaum...
søndag 2. desember 2012
tirsdag 13. november 2012
iPadTøfler

Å gi det me ikkje treng lenger ein ny funksjon i staden for å kasta det, t.d. treng me kanskje ikkje mange klokkestrengar på veggen, men me treng jo ein iPadTøffel?.....
GryteKlutar...

Dei fleste av oss bur i varme hus, så då treng me kanskje ikkje alle ullteppene... Då kan dei få ein ny funksjon, i form av eit produkt me treng, t.d. Gryteklutar... I stedet for å varma, skal dei verna...
Abonner på:
Innlegg (Atom)






















