tirsdag 23. desember 2014

Krakk




















Krakk fra IKEA med sitteputer av gjenbrukstekstil... sengeteppe, joggebukse, kåpe, ullteppe, åkle...

mandag 15. desember 2014

Julatre I...




















...med diverse pynt av gjenbruksmateriell...

torsdag 27. november 2014

ÅkleFanden FotKvilar i gult...



Blåleg ÅkleFanden KvileKrakk...




















Elevane skal igang med redesignoppgåve, kor produktutstilling og bygging av merkevare er eit hovudtema. E. har laga dømer, her er ein Frosta krakk frå IKEA til 69,- på veg til å bli ein KvileKrakk frå "Merkevaren" ÅkleFanden... Lag på lag av gjenbrukte tekstilar bl.a. åkle til pute, føter ikkje ferdig bearbeida...


Å gjenbruka det ein ikkje trudde.....




















..... ein skulle gjenbruka.
E. likar svært godt å gjenbruka tekstiler, men tenkjer som regel at det må væra noko "ekstra" med tekstilen for at det er verdt å jobba med... Ein del ting som til dømes utslitte t-skjorter og hettegejakker har sjelden vore vurdert eit nytt liv i eit nytt produkt... men så i går, då E. sleit litt med å finna prikken over i-en i arbeidet med å laga dømer til elevane på redesign av IKEA-krakk, var det faktisk fargane og teksturen i kasserte grøne t-skjorter og hettejakka med ødelagt glidelås som skulle til...

torsdag 20. november 2014

Stikkedåse...




























Stikkedåsar med dekor av fine ord og PapirJulatrær av t.d. boksider og magasinpapir... symaskinsaum for å sammenføya...

tirsdag 18. november 2014

Juleverkstad på Gamlatunet...












Det vart ein triveleg og produktiv kveld med juleverkstad på Gamlatunet i Vikebygd i går...produksjon av både små julegåver og julepynt av gjenbruksmaterial... og innimellom hadde dei 13 deltakerane så vidt tid til litt gløggpause...

mandag 10. november 2014

20 NålePuter...












Det er så kjekt å leika i laginga av NålePuter! Leika med farge, mønster, saum og knappar... Også er det greit å rydde opp i kaoset med å legga i cellofan og sy på etikett, så ramene blir litt stramare...

Bakendelunarar i svart, grønt og turkis...


NålePutePoesi...


Reis...




















Her er Tålmodighet, som saman med englane Stråler, Fred, Dugg, Prakt, Perler, Vilje, Ljos, Kjærlighet og Kvila skal reisa nordover for jul i ein ny heim...

søndag 2. november 2014

MiniNett...
















Ein gjeng MiniNett for dei minste... på veg til Norsk Trikotasjemuseum...

Produksjon...


søndag 26. oktober 2014

Bærenett...




















Bærenett av nytt og brukt... Mørk grått solid bomullstoff som rame for fine, rare, mønsterrike gjenbruksstoffer: dukar som er ferdige med å ligga på bordet, klesplagg frå 70-talet og utgåtte fargerike kvardagsteksiler som er så fine at dei fortener et nytt liv i ein ny funksjon...





















torsdag 7. august 2014

Bakendelunarar...



















Gule BakendeLunarar med QR-kode og mageband...
(for sal på Norsk trikotasjemuseum, Salhus, Bergen)

9 NålePuter...



















...av gamle ullteppe og andre gjenbrukstekstiler...

4 PausePuter...



















4 PausePuter, unike, ingen er like, men alle er i slekt... grå og svart vadmel, åkle og bokstavbroderi...
(Putene ligg for sal på Norsk trikotasjemuseum, Salhus, Bergen)

PausePuta for 2...










PausePuta, så lang at det er plass til to som har pause på ein gong... Litt bokstavbroderi og litt åkle i grå omgjevnadar...

lørdag 2. august 2014

PausePuta... 40...


















PausePute-gåve til ei som fylte rundt tal...

fredag 25. juli 2014

PausePuta...30...












Gåve: ei PausePuta til ei som fyller 30... Litt broderi og litt Åkle, men mest grå vadmel... ei vinterputa tenkjer ein kanskje akkurat no, når gradestokken viser 30...

lørdag 21. juni 2014

Krossåkle i Suldal...














I dag opna utstillinga "Krossåkle i Suldal" på Kolbeinstveit, utstillinga er eit samarbeid mellom ryfylkemuseet og Suldal husflidslag. E. bidro med ulike redesign-produkt, kor Åkle har fått ein ny funksjon eller blitt satt inn i ein ny samanheng...














Du kan lesa meir om utstillinga på:
http://ryfylkemuseet.no/index.php/nyhende-usynleg/591-ny-utstilling-krossakle-i-suldal 

tirsdag 17. juni 2014

Utstilling i Verkstaden...




















I dag opna utstilling med arbeid frå nokre av medlemmene i Tysvær kunstlag i Verkstaden på Rønnevik... Bilder i ulike teknikkar... E. bidrog med TreHus...

mandag 9. juni 2014

Ein liten by...







Ein liten by av TreHus på veg til utstilling... opning på Verkstaden i Tysvær tirsdag 17. juni...

Blå TreHus...


Grøne TreHus...


onsdag 21. mai 2014

BakendeLunar til ein kald vevstol...










Ein kan liksom sjå føre seg at det var litt kaldt på loftet eller i kammerset der vevstolen sto, iallefall før i tida... Her er ein BakendeLunar til å sitta på, på vevstolen... Den er laga av eit åkle, med baksida ut (det var var eit så fint, geometrisk og ryddig mønster på baksida)... på åkle er det sydd på kryss og tvers med rettsaum av same gulfarge som i veven... grått møbelstoff med brodert tekst...gode ord om vev (utdrag frå Olav H Hauge sitt dikt "Teppet")

Lilla...






























Lilla åkle vevd i nyare tid... er blitt dekor i Puter og FotKvilar... Dei vevde åklene, både nye og gamle har så mykje fine fargar og mønster!...... men så passar det ikkje alltid inn med eit heilt stort åkle i interiøret... Ein liten åklebit derimot, kan væra prikken over i-en og ein liten fargeklatt i det kvite og grå...

FotKvilar åkle og turkis









lørdag 17. mai 2014

FotKvilarar - Åkle på nytt










To Fotskamlar omgjort til FotKvilarar... Pussa treverk (på den eine viste det seg å væra teak under laga med lakk, den andre same bøk som beina) Åkle, møbelstoff og store heimetrukne knappar.....

lørdag 12. april 2014

lørdag 22. mars 2014

FotKvilar III...











Skammel med fint brodert, men slitt og flekkete trekk...Fornya til FotKvilar trukke med møbelstoff i ull... Treverket er pussa, pussa og pussa, såpevaska før det igjen er pussa, pussa og pussa... fin bøk under lag med gulna lakk...

tirsdag 4. mars 2014

onsdag 26. februar 2014

FotKvilar II...








E. har i ei tid samla fotskamlar med tanke på redesign... dei fine formene fortener det, å bli fornya litt og få nytt liv... Den slitne brennmerka, flekkete Fotskammelen er no redesigna til ein FotKvilar. Bak den krakkelerte lakken skjulte det seg nydeleg bøk som no er godt pussa og såpevaska... trekket er skifta ut med eit turkis møbelstoff, ein farge ein ikkje kan sjå seg mett på!... Også ein liten lapp med bruksanvisning og eit lite foto av produktet før fornyingsprosessen...

2.gongs fornying...



















For nokre år sidan blei Puffane som er ein del av eit soveromsmøblement med seng, skåp, toalettbord og nattbord, fornya med kvit måling... Puffane bur på kjøken då dei er særs funksjonelle til å både lagra opptenningsved og interiørmagasin i, og ikkje minst kvila føtene på når ein sitt i gyngestolen ved peisen... Men med nytt kjøken var det tid for 2. gongs fornying av både farge og tekstil...



















Puffane blei renovert i hengslene, det blei måla nokre strøk så ein fekk ein svart silkematt overflate, så blei det slitne men fine raude og kremfarga stoffet bytta ut med grått møbelstoff i ull... og eit par heimetrukne knappar av utgått ytterjakke i ull...

tirsdag 11. februar 2014

Leik med akvarell og digitale verktøy...




















E. jobba med akvarellutprøvingar saman med elevane i VG1 design og handverk. Det var inspirerande... Her er eit par eksempel på leik med skanna akvarellutprøvingar jobba videre med i Photoshop og Illustrator... Lag på lag, endringar på farge, filter og effektar...

søndag 9. februar 2014

Sy og Slapp av...



















Det har vore ei triveleg og inspirerande helg med kurset: "Sy og slapp" av i Rosendal i helga. Med utgangspunkt i KvardagsMagi blei det leika med gjenbruksmaterial, symaskin og overlock... PutePønsking vart den eine oppgåva deltakerane jobba med kalla, resulterte i masse fine puter...

onsdag 5. februar 2014

PrøvePuter III











Først blei det laga eit trehus. Så blei dette fotografert. Så blei det klippa og lima og fiksa på i photoshop. Så blei det overført til tekstil med rammelim... og til slutt felt inn i eit stykke dress-stoff , funne i ei restekorg utanfor ein koseleg skreddar-butikk i Toscana...