mandag 24. desember 2012

God Jul...




















...Det er julafta og det kan ein vel strengt tatt ikkje kalla ein kvardag, med glimt av kvardagsmagi, ...å starta morgonen med fyr i peisen og eit glitrande tre i mørket gir magisk stemning i store mengder ... GOD JUL!

lørdag 15. desember 2012

GjenbruksJulaTre...

GjenbruksJulaTre: Ein bjørkekvist festa og fundamentert i ein maisboks med gips, PapirKorger med papirklipp...av gamle boksider, interiørmagasincover, tapetprøvar og symaskinsaum...

onsdag 12. desember 2012

Juleverkstad II.....

Då var materialpakkane klare til morgonkveldens kollegabaserte juleverkstad.
E. gler seg til Suppe og ei god arbeidsøkt saman med både estetikarane,
dei som er gode med ord
og dei som er best med tal ;-)

tirsdag 11. desember 2012

Til Sjømenn og kvinner...













E. har ei tøff søster som er sjømann. Ho reiser ut for å feire jul i Nordsjøen, og sjømenn og kvinner må jo og ha pakkekalender i desember... Pakken blir derfor iPhoneTøffel eller TeleTøffel, alt etter kva for ein kommunikasjonsmaskin ein har... Tøflene har sjølvsagt dekor av eit gamalt Anker-broderi...

fredag 7. desember 2012

Juleverkstad...












Vg2 Interiør- og utstillingsklassen har vore på juleverkstad... det blei ein triveleg dag med julastemning og produksjon av julegåver og julepynt...

JulePønting I...


E. har starta julepyntinga i det små... Trekloss-hus-skulptur-utprøvingar, God Jul frå i fjor, nokre Lerkekvaster og lys på peishylla... (Hysj, men om utprøvingane kjem eit steg vidare blir kanskje TreHus julegåver i år...)

søndag 2. desember 2012

LatteLubber på epla...
















LatteLubber og andre PåGløtt-produkt til salgs på http://epla.no/shops/paaglott/