torsdag 16. februar 2012

SmåGåver...


Smågåver til HageElskaren og den som likar sjokolade... Ein frøpose "Hell og lykke i hagen i år" (Cellofankonvolutt, tusjteikning, rammelimstrykk på tekstil, symaskinsaum)... Ein melkesjokolade "Noen sier at lykke ikke kan kjøpes for penger, de har aldri smakt sjokolade" (cellofankonvolutt, armen av ei jakke frå 70-talet, tusj og penteikning, symaskinsaum)

ServiettRingar...


ServiettRingar i papir, symaskinsaum og gode ord som minner om å nyta måltidet...Kvardagsmagi, øyeblikket, kvil ut...

søndag 5. februar 2012

LatteLubber...


LatteLubber...av utgåtte lubber, tova på 60grader, påsydd botn av gjenbrukstekstilar...Til å skåne handa med når ein drikk Latte, te, Kaffi eller anna godt og varmt av høge glas...

bug...


Ein iPhoneTøffel av eit rødt åkle litt av ein lys og litt av ein mørk genser, og eit teikna insekt overført til tekstil med rammelim...

iPad iKofta...


iPadTøffel av ei utgått stikkakofta, Vadmel frå ein sliten OLaktig 90-tallsgenser, litt av bråtet på ein lammeullsgenser og litt ullteppe...