lørdag 30. november 2013

JulaOase...



















Eit julanips av gjenbruksmateriell... Ein JulaOase laga av utbrendt telyskopp, pinne, tomme fyrstikkesker og avispapir...

søndag 24. november 2013

NåleBrev...



















NåleBrev i ulike gjenbrukstekstiler, nokre med heimetrukne knappar med og utan saum, andre med gjenbrukte gamle knappar med historie... Tenk å visst litt om kva knappane hadde vore med på gjennom alle åra dei satt på eit plagg...

NåleBreva er på veg til Ryfylkemuseet, der finn du dei etterkvart i butikken i Nesasjøhuset...

Julamessa...



















PåGløtt på Julamessa i dag, Stegaberg skole kl. 12.00-16.00...

lørdag 16. november 2013

Spikking...



















Å spikka har E. funne ut at er like avslappande som å strikka... Her er tre variasjonar over nøkkelring: NøkkelPønt, NøkkelForlengar og NøkkelForstørrar... Spikka i rått tre (selje og brakje) pussa, lasert og voksa med bivoks...

Utprøving JulaNips...



















E. Har gitt seg sjølv utfordringa å laga JulaNips... Pinne i gips i utbrendt telyskopp, og alt dyppa i kvit maling. Øverst ser ein utprøving av blåbærlyng, eik og pors...

torsdag 14. november 2013

Inspirerande elevarbeid...



















E. har jobba med tre i Vg1 Design og handverk. Her er nokre dømer på veldig fine inspirerande elevarbeid, VeggHus. Overflatene er behandla med både handverkty og elektriske verkty, lasert, pussa, måla og voksa med bivoks...

onsdag 13. november 2013

NålePuter og Nålebrev...















NåleBrev og NålePuter av gjenbrukt tekstil og gamle nesten oppbrukte knappar... NåleBreva er til for å verna, samla og transportera nåler... NålePutene bruker du til å halde orden på nålene i aksjon, dei er dessutan tosidige slik at ein kan vende dei etter humøret...

Forrett, hovudrett, dessert...










GryteLappar av ulltepper, med QR-kode med kvardagsmagisk beskjed og vaskelappar med oppskrift på forrett, hovudrett og dessert...

onsdag 6. november 2013

Kurs, Heimelaga av"...




















Det vart ei triveleg helg i Rosendal i helga. Åtte deltakerar deltok på kurset "Heimelaga av", som handla om å lage produkt med symaskin som verktøy og pc som verktøy for å profilera sine eigne produkt...