Viser innlegg med etiketten JUL. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten JUL. Vis alle innlegg

torsdag 26. desember 2013

12 sorter...


















Det blei ikkje baka 12 sorter til jul.... men på middagsbordet julafta derimot var det 12 sorter vintergrønt... mosar, lyngtypar, brakje og bartre...

søndag 1. desember 2013

KvardagsMagi i desember...



















... er blandt anna PakkeKalender å vakne opp til kvar morgon...
og deltakarane får sjølvsagt lov til å pakke inn gåvene slik dei sjølv vil ;-)

lørdag 30. november 2013

JulaOase...



















Eit julanips av gjenbruksmateriell... Ein JulaOase laga av utbrendt telyskopp, pinne, tomme fyrstikkesker og avispapir...

lørdag 16. november 2013

Utprøving JulaNips...



















E. Har gitt seg sjølv utfordringa å laga JulaNips... Pinne i gips i utbrendt telyskopp, og alt dyppa i kvit maling. Øverst ser ein utprøving av blåbærlyng, eik og pors...

mandag 24. desember 2012

God Jul...




















...Det er julafta og det kan ein vel strengt tatt ikkje kalla ein kvardag, med glimt av kvardagsmagi, ...å starta morgonen med fyr i peisen og eit glitrande tre i mørket gir magisk stemning i store mengder ... GOD JUL!

lørdag 15. desember 2012

GjenbruksJulaTre...

GjenbruksJulaTre: Ein bjørkekvist festa og fundamentert i ein maisboks med gips, PapirKorger med papirklipp...av gamle boksider, interiørmagasincover, tapetprøvar og symaskinsaum...

tirsdag 11. desember 2012

Til Sjømenn og kvinner...













E. har ei tøff søster som er sjømann. Ho reiser ut for å feire jul i Nordsjøen, og sjømenn og kvinner må jo og ha pakkekalender i desember... Pakken blir derfor iPhoneTøffel eller TeleTøffel, alt etter kva for ein kommunikasjonsmaskin ein har... Tøflene har sjølvsagt dekor av eit gamalt Anker-broderi...

fredag 7. desember 2012

JulePønting I...


E. har starta julepyntinga i det små... Trekloss-hus-skulptur-utprøvingar, God Jul frå i fjor, nokre Lerkekvaster og lys på peishylla... (Hysj, men om utprøvingane kjem eit steg vidare blir kanskje TreHus julegåver i år...)

søndag 28. november 2010

1. søndag i advent - julamessa


PåGløtt har hatt ein koseleg 1.søndag i advent på julamessa på Stegaberg

søndag 10. oktober 2010

Utprøvingar...


Me i PåGløtt likar gjenbruk... og har latt oss utfordra til å tenke julapynt av gjenbrukte material... Her ser du prøvelappar av: "Hjarte for jul og gjenbruk", av tova strikkasokkar (sokkar det ikkje lenger er håp for etter fleire omgangar med stopping og maskinvask), maskinsaum og laminerte små fine ord klippa ut av ei gamal salmebok.....