...Det er julafta og det kan ein vel strengt tatt ikkje kalla ein kvardag, med glimt av kvardagsmagi, ...å starta morgonen med fyr i peisen og eit glitrande tre i mørket gir magisk stemning i store mengder ... GOD JUL!
GjenbruksJulaTre: Ein bjørkekvist festa og fundamentert i ein maisboks med gips, PapirKorger med papirklipp...av gamle boksider, interiørmagasincover, tapetprøvar og symaskinsaum...
E. har ei tøff søster som er sjømann. Ho reiser ut for å feire jul i Nordsjøen, og sjømenn og kvinner må jo og ha pakkekalender i desember... Pakken blir derfor iPhoneTøffel eller TeleTøffel, alt etter kva for ein kommunikasjonsmaskin ein har... Tøflene har sjølvsagt dekor av eit gamalt Anker-broderi...
E. har starta julepyntinga i det små... Trekloss-hus-skulptur-utprøvingar, God Jul frå i fjor, nokre Lerkekvaster og lys på peishylla... (Hysj, men om utprøvingane kjem eit steg vidare blir kanskje TreHus julegåver i år...)