iPhoneTøffel av og med Space Invaders (rammelim på tekstil), rester av ein brodert himmel, ein tova utgått lammeullsgenser og eit godt brukt ullteppe...
Ein iPhoneTøffel til HageElskaren... blei til av Frøkatalogen som kom i posten, ein tova ullgenser som og kom i posten frå ei venleg sjel som meinte den burde få nytt liv og nokre meter gul og turkis sytråd... (bilder frå frøkatalogen er overført til tekstil med rammelim)
Mormor til E. er mester i strikking av lubber, flink til å bruka opp alt restetråden og flink til å sette saman fargar. Eit par av favorittlubbene til E. er no etter 3 rundar med stopping ikkje lenger til å redda med nål og stoppesopp... Så då må ein til med meir omfattande restaurering. Garn i tilnerma like fargar er innkjøpt... den utslitne foten er klippa av skaftet og nye masker henta fram i dei gamle... så blir gamalLubba brukt som mønster for nyLubba...
E. skulle leika litt med teikning... med tanke på julegåver til dei minste... Fingeravtrykk blei teikna litt på så det blei innsekter av dei, også litt kollasj, så skanna inn på pc og ordna på i Photoshop og Illustrator...