søndag 8. september 2013
Ute er det høst, inne kan ein kose seg med Gåveproduksjon...
Når det er haust i lufta ute, kjem lysta til å laga inne... det passa bra då E. treng gåver i dag... Grytelappar med ullbrodert navn, og SamleBok til å samla i...
fredag 23. august 2013
Halda seg fast i ein klokkestreng...
E. har innreda ny TV-stove og trengte ei uvanleg lang pute. Den måtte væra så lang at det var plass til to ryggar, og så lang at den som uheldigvis havnar i sprekken har noko å halda seg fast i... Ein skatt av ein gamal klokkestreng (spesielt fin i fargane) frå Sørlandet blei brukt som utgangspunkt og felt inn i grått møbelstoff. Dei store knappane er kledd med same møbelstoff, men med symaskinsaum på kryss og tvers i gult for å skapa heilskap mellom det grå og det fargerike...
Om ein ikkje er i humør til fargerike broderier akkurat den dagen, kan ein jo snu Puta og heller slappa av med litt FargeKlattar...
mandag 29. juli 2013
BokstavBroderi...
Pute med broderte PauseOrd og gjenbrukte lilla 70-talsgardiner... Laserprinta ord er montert på baksida med rammelim og brukt som mønster for brodering med nål og avlagt hekletråd...
lørdag 6. juli 2013
VeggHus og Flammekastar...
E. har invistert i Flammekastar (ugrasbrennar frå Biltema). Driv å lagar prøvelappar på brenning som teknikk for å laga tekstur. Her er eit par VeggHus, i gult på den blå veggen i den gamle utedoen på tunet... Først er plankerester frå terasseprosjektet brendt med Flammekastaren, så fekk dei ein omgang med stålbørste og pussepapir før dei er laserte med gul interiørmaling, det minste er til sist dyppa i gulmaling...
søndag 30. juni 2013
lørdag 29. juni 2013
PåGløtt-hyller...
Opprydding og oppdatering av PåGløtt-hyllene i butikken til Ryfylkemuseet på Sand. Nye produkt er t.d. Gryteklutar, NålePuter, NåleBrev, SamleBøker og TreHus, elles finn ein LatteLubber, BæreNett, iPhoneTøfler, iPadTøfler, LyspæreEnglar og diverse posar med kvardagsmagi...
tirsdag 23. april 2013
TreHus
TreHus, leik og eksperimentering med trematerialet og husformen (som E. synes er den vakraste formen som finnest). Husa har ein grunnflate på ca 9x9 cm. Døme på produksjonsprosess: Skummel bandsaging, pussing, skjæring, pussing, lasering, dypping i maling, pussing, lasering igjen, pussing og bivoksing...
mandag 22. april 2013
Grå KvilePuter med FargeKlattar...
Store knappar på små puter...
Rettsaum av lys og mørkare turkis på kryss og tvers... rosa på rødt og prikkete bit av solsengtrekk frå lenge sida...
Abonner på:
Innlegg (Atom)











