tirsdag 11. februar 2014
Leik med akvarell og digitale verktøy...
E. jobba med akvarellutprøvingar saman med elevane i VG1 design og handverk. Det var inspirerande... Her er eit par eksempel på leik med skanna akvarellutprøvingar jobba videre med i Photoshop og Illustrator... Lag på lag, endringar på farge, filter og effektar...
søndag 9. februar 2014
Sy og Slapp av...
Det har vore ei triveleg og inspirerande helg med kurset: "Sy og slapp" av i Rosendal i helga. Med utgangspunkt i KvardagsMagi blei det leika med gjenbruksmaterial, symaskin og overlock... PutePønsking vart den eine oppgåva deltakerane jobba med kalla, resulterte i masse fine puter...
onsdag 5. februar 2014
PrøvePuter III
Først blei det laga eit trehus. Så blei dette fotografert. Så blei det klippa og lima og fiksa på i photoshop. Så blei det overført til tekstil med rammelim... og til slutt felt inn i eit stykke dress-stoff , funne i ei restekorg utanfor ein koseleg skreddar-butikk i Toscana...
PrøvePuter II
Eit ukebladcover frå 1959 er overført til rammelim og feldt inn i grått tynt ullstoff... Også ein raud knapp med kvite prikkar frå ein bluse frå gamledagar...
PrøvePuter I
PuteUtprøvingar før kurs om PutePønsking... Blindkontur-symaskinsaum på lyseblått møbelstoff... Hjarte for gjenbruk klippa ut av utgåtte ullgensrar, kanta med sikksakk-saum og påsydd ullstoff...
fredag 31. januar 2014
Kulturnatt i Etne...
I morgon Laurdag 01.02.14 deltar PåGløtt på kulturnatt i Etne... Frå kl. 10-18 er det stand med sal av PåGløtt-produkt...
fredag 24. januar 2014
onsdag 22. januar 2014
søndag 19. januar 2014
TreHus...
E. har innreda SnekkerBod i den gamle utedoen på tunet, arbeidsplass til å leika med tre, TreHus. Tre er jammen eit inspirerande og takknemlig materiale! Det bidrar så mykje med sine sprekker og variasjonar i struktur og tekstur.....
Abonner på:
Innlegg (Atom)















