fredag 18. oktober 2013

Ein SveveEngel mellom to permar...




































Ein SveveEngel på tur til Oslo havna i den nye boka "God Jul" utgitt av Gyldendal, forfattarar May B. Langhelle og Heidi Bjørnsdotter Thorvik. (Foto May B. Langhelle)

uÅpnelege Boksar med ein løyndom i...



















E. held på med ei oppgåve på vg1 design og handverk kor elevane skal laga uÅpnelege boksar for å få erfaring med organisk og geometrisk form og linje, og kontrast mellom desse... Her er eit par eksempler som blei laga for å illustrera... to tomme store fyrstikkesker er tapa saman og forsegla med eit par lag avispapir, lasert med kvit måling og dekorert med måling og svart penn... Knott av knapp og knott av leire... boksana kan ikkje opnast, kanskje inneheld dei noko ingen skal sjå?...

onsdag 11. september 2013

Vadmel og knekte nåler...


















Utprøving av tynn vadmel som BæreNettMateriale... det gjekk nå på eit vis... Etter fleire knekte nåler på både overlock og symaskin, kan ein seie seg ferdig med det grå BæreNettet med bitar av grønt, lilla og lyseblått landskapsbroderi både her og der... Det blei så tungt i seg sjølv at ein kan nok ikkje bæra så mykje i det, då risikerer ein både tennisalbue og musearm... Men fint blei det, både i tekstur og farge...

søndag 8. september 2013

Grøne Gåver frå Hagen


Raude Gåver frå Hagen...


Ute er det høst, inne kan ein kose seg med Gåveproduksjon...











Når det er haust i lufta ute, kjem lysta til å laga inne... det passa bra då E. treng gåver i dag... Grytelappar med ullbrodert navn, og SamleBok til å samla i...

fredag 23. august 2013

Halda seg fast i ein klokkestreng...












E. har innreda ny TV-stove og trengte ei uvanleg lang pute. Den måtte væra så lang at det var plass til to ryggar, og så lang at den som uheldigvis havnar i sprekken har noko å halda seg fast i... Ein skatt av ein gamal klokkestreng (spesielt fin i fargane) frå Sørlandet blei brukt som utgangspunkt og felt inn i grått møbelstoff. Dei store knappane er kledd med same møbelstoff, men med symaskinsaum på kryss og tvers i gult for å skapa heilskap mellom det grå og det fargerike...












Om ein ikkje er i humør til fargerike broderier akkurat den dagen, kan ein jo snu Puta og heller slappa av med litt FargeKlattar...

mandag 29. juli 2013

BokstavBroderi...



















Pute med broderte PauseOrd og gjenbrukte lilla 70-talsgardiner... Laserprinta ord er montert på baksida med rammelim og brukt som mønster for brodering med nål og avlagt hekletråd...

lørdag 6. juli 2013

VeggHus og Flammekastar...



















E. har invistert i Flammekastar  (ugrasbrennar frå Biltema). Driv å lagar prøvelappar på brenning som teknikk for å laga tekstur. Her er eit par VeggHus, i gult på den blå veggen i den gamle utedoen på tunet... Først er plankerester frå terasseprosjektet brendt med Flammekastaren, så fekk dei ein omgang med stålbørste og pussepapir før dei er laserte med gul interiørmaling, det minste er til sist dyppa i gulmaling...

søndag 30. juni 2013