fredag 23. august 2013
Halda seg fast i ein klokkestreng...
E. har innreda ny TV-stove og trengte ei uvanleg lang pute. Den måtte væra så lang at det var plass til to ryggar, og så lang at den som uheldigvis havnar i sprekken har noko å halda seg fast i... Ein skatt av ein gamal klokkestreng (spesielt fin i fargane) frå Sørlandet blei brukt som utgangspunkt og felt inn i grått møbelstoff. Dei store knappane er kledd med same møbelstoff, men med symaskinsaum på kryss og tvers i gult for å skapa heilskap mellom det grå og det fargerike...
Om ein ikkje er i humør til fargerike broderier akkurat den dagen, kan ein jo snu Puta og heller slappa av med litt FargeKlattar...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Å den var gøyal Erling. Klokkestrengoppliver!
Klokkestreng er eit undervurdert materiale ;) Då ein gjerne ikkje har dei på veggen lenger, er det jo kjekt å gi dei ein ny funksjon...
Legg inn en kommentar