fredag 15. juni 2012
Ferdig...
Då var utstillinga "Hjarte for Gjenbruk" på Kolbeinstveit ferdig og klar til opning i morgon kl. 13.00
søndag 10. juni 2012
Mellomverk III
Mellomverk III er laga av utslitte putetrekk kor broderier, stikningar og kanter er brukt som dekorative element saman med rammelimstrykk av QR-kode, ein lapp med initialene til den tidligare puteeigar, lause trådar og leik med symaskin...Tidlegare puteeigar har nok farga ei kvit pute lys grøn, derfor eit fargeinnslag i "Mellomverket" med broderi...same farga stoff er og brukt som underlag for QR-koden og som eit gjentakande element som avslutning nederst...
lørdag 9. juni 2012
Mellomverk II
Mellomverk II er laga av gamle putetrekk som har gjort sin misjon som putetrekk... Mellomverk II prøver å seia noko om Kvardagsmagi, pausen og øyeblikket... Mange draumar er kanskje draumt på putene, i sovepausane... "Mellomverket" her består av eit stykke gamal pute med rammelimstrykk av bokstavar på baksida, trykket er brukt som mønster for handbroderte bokstavar med svart sytråd... Elles mykje lause trådar og ein liten gul QR-kode med ein beskjed...
fredag 8. juni 2012
Mellomverk I
Mellomverk I er eit tekstilt pyntehandkle-inspirert veggelement av gjenbrukte gardiner, litt magisk alginatstoff som forsvinn i vatn, tekst påført med transferpapir, QR-kode påført med rammelim og eit rammelimstrykk med utsnitt av"Fager kveldssol smiler" frå Landstads reviderte...
onsdag 6. juni 2012
lørdag 26. mai 2012
Ekta LatteLubber...
Ei samling Ekta LatteLubber av: skaft frå utgåtte StrikkaLubber (Ekstratova med koking i vaskemaskin), diverse dukar (botn i LatteLubba), QR-kode på duk med rammelim med beskjeden: Slapp av og Kos deg!
onsdag 23. mai 2012
lørdag 19. mai 2012
LatteLubber...
fredag 11. mai 2012
Hjarte for Gjenbruk...
Det er travelt! E. jobbar fram mot utstillinga "Hjarte for Gjenbruk" på Kolbeinstveit i Suldal (Ryfylkemuseet) Opning 16.juni:
Gjenbruksmateriell og symaskin som verktøy er
utgangspunkt for leik med form og farge i både bruksform og bildeuttrykk. Utgåtte lubbar, slitne åkle, broderi og gamle dukar får nytt liv i produkt som til dømes
LatteLubbar, iPadTøflar og BæreNett. Elles vil ein finna LyspæreEnglar, kort og små posar med kvardagsmagi i årets sommarutstilling i løa på Kolbeinstveit.
onsdag 9. mai 2012
Pute med beskjed...
Deler av ein brodert klokkestreng, grått stoff frå IKEA, kvit rettsaum og ein QR-kode overført til tekstil med rammelim...med beskjeden: Slapp av og Kos deg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)








