søndag 2. desember 2012

LatteLubber på epla...
















LatteLubber og andre PåGløtt-produkt til salgs på http://epla.no/shops/paaglott/

tirsdag 20. november 2012

Jul & Gjenbruk I...


Sju arbeidsamme damer frå velferdsklubben; SnelleKlubben ved Statoil Kårstø, hadde laurdag kurset Jul & Gjenbruk I i StoraHuset på Askeland. Gjenbrukstekstiler og papir blei til julegåver og julepynt...

tirsdag 13. november 2012

Bokmerke på veg...

Ei samling Bokmerke på veg til Norsk Trikotasjemuseum sin butikk... Gamle broderier, dukar, rester av møbelstoff, utgåtte bibliotekregistreringskort, gamle reklamar frå 50-talet og utklipp frå interiørmagasin overført til tekstil med rammelim...

KvardagsBrikker...



iPadTøfler

Å gi det me ikkje treng lenger ein ny funksjon i staden for å kasta det, t.d. treng me kanskje ikkje mange klokkestrengar på veggen, men me treng jo ein iPadTøffel?.....

GryteKlutar...

Dei fleste av oss bur i varme hus, så då treng me kanskje ikkje alle ullteppene... Då kan dei få ein ny funksjon, i form av eit produkt me treng, t.d. Gryteklutar... I stedet for å varma, skal dei verna...

torsdag 8. november 2012

Monter med KvardagsMagi...


På biblioteket i Etne finn ein nå ein liten MiniUtstilling av PåGløtt-produkt...

fredag 5. oktober 2012

BroderiSkattar...

E. var så heldig å få lov til å gå på skattejakt i eit gamalt hus. Her er nokre av skattane vaska og hengt til tørk før dei kanskje blir puter, iPhoneTøfler eller andre gjenbruksprodukt?

Stille, stille Haust...


Gult og svart...








Gul skål FOTO: Grethe Nygaard http://grethenygaard.no/

Svart og gult er så fantastisk fint saman synes E. Her er eit par skattar...