... var ein boks med gamle nøklar - nøklar som kan låsa opp alle slags rom... og som no ligg å ventar på å få bli ein del av nye nøkkelpoesiar og nøkkelbærarar...
Ein ny Prøvelapp i E sitt prosjekt fra M... Songar og Saum... Songtekst satt saman i Photoshop, skåre i bitar, sydd saman med sikksakk og satt i rame...
M & E har saman med elevane iscenesatt Storsalen for skulens julaavslutning... Eit hav av levande lys, kvite svevande objekt, lyssatte kvitmalte bjørk, tåke, lyd og magi...
Sjå bileta for å få eit glimt frå magien som blei skapa i det store rommet...
Velkomen til julamessa på Vikebygd Samfunnshus Lørdag 28.11 kl 12-16, Her finn du bl.a.TenkeSteinar, NøkkelPoesiar, SveveEnglar, KvalitetsTidSokkar, Magiske Oppvaskklutar, SalmeKort og Julestemning
E har oppdaga emaljeskattane til Grete P. Kittelsen. Det var difor stas då den gule bolla formgitt i 1958 vart funnen delsvis nedgravd i grusen ein stad, gløymd og forlatt. Det funnet hadde eit glimt av Magi!
Bestemors håndarbeidskurv og knappeboks.... påbegynte prosjekter, sytråd på tre- og metallspoler.... kanskje en dag kan disse små skattene komme til sin rett i nye prosjekter......
PåGløtt er ein boltreplass for ME - vener, og kollegaer i den vidaregåande skulen kor me underviser i design og handverksfag...ME leikar med faget både i og utanom arbeidstida. PåGløtt er eit lite eksperiment - og ein stor leikeplass...ME ønskjer å dela litt av vår kvardagsmagi på denne sida. Her ligg nokre av produkta me leikar med. Du vil etter kvart få lesa om både Vilje og Luskefanten, om engletøfler, songar, saum og poetiske prøvelappar.....
Kven er Vilje? Jo, vilje er ein liten distre engel som stadig gløymer tøfflane sine rundt omkring i dei heimane ho er innom. Du har kanskje funne englatøffler under sofaen din? (Eller hybelkaniner som det og vert kalla...) Kven er Luskefanten? Jo, Luskefanten er Viljes ven, han synes det meste er skummelt... og luskar for det meste rundt, Vilje elskar når Luskefanten bakar sine fantastiske LuskefantensLureKjeks...
TanteSines handlentt er eit PåGløttprodukt. Her tenker ein litt nytt og litt brukt materiale. TanteSines handlenett er dobbeltsidige nett du kan bruka til handel, bæring av strikketøy eller andre kvardagslige aktivitetar som blir litt kjekkare dersom det inneheld noko heimelaga
SveveEnglar, ein MaterialTransformasjon... Utbrende Lyspære, hesjestreng og sølvtråd... SveveEnglane er eit PåGløttprodukt, og i eit PåGløttprodukt tenker ein gjerne gjenbruk...