mandag 18. juni 2012

Pause...









Det vart ei triveleg opning av utstillinga på lørdag... No har E. rydda arbeidsrommet, ikkje spor igjen av aktivitet, berre ei rein og tom arbeidsflate som står klar til leik med gjenbruk, form og farge til hausten... for no er det pause...kanskje... Først med ein god kaffikopp i premien som blei innkjøpt etter opninga på ein bruktbutikk... Så skal E. kosa seg med hagearbeid! Trur det må lånast ein smartphone og scanna QR-koden på KvardagsBrikka med beskjeden "slapp av og kos deg"... Nyte... Kvardagsmagi...

lørdag 16. juni 2012

fredag 15. juni 2012

Ferdig...



















Då var utstillinga "Hjarte for Gjenbruk" på Kolbeinstveit ferdig og klar til opning i morgon kl. 13.00











søndag 10. juni 2012

Mellomverk III



















Mellomverk III er laga av utslitte putetrekk kor broderier, stikningar og kanter er brukt som dekorative element saman med rammelimstrykk av QR-kode, ein lapp med initialene til den tidligare puteeigar, lause trådar og leik med symaskin...Tidlegare puteeigar har nok farga ei kvit pute lys grøn, derfor eit fargeinnslag i "Mellomverket" med broderi...same farga stoff er og brukt som underlag for QR-koden og som eit gjentakande element som avslutning nederst...

lørdag 9. juni 2012

Mellomverk II



















Mellomverk II er laga av gamle putetrekk som har gjort sin misjon som putetrekk... Mellomverk II prøver å seia noko om Kvardagsmagi, pausen og øyeblikket... Mange draumar er kanskje draumt på putene, i sovepausane... "Mellomverket" her består av eit stykke gamal pute med rammelimstrykk av bokstavar på baksida, trykket er brukt som mønster for handbroderte bokstavar med svart sytråd... Elles mykje lause trådar og ein liten gul QR-kode med ein beskjed...

fredag 8. juni 2012

Mellomverk I


Mellomverk I er eit tekstilt pyntehandkle-inspirert veggelement av gjenbrukte gardiner, litt magisk alginatstoff som forsvinn i vatn, tekst påført med transferpapir, QR-kode påført med rammelim og eit rammelimstrykk med utsnitt av"Fager kveldssol smiler" frå Landstads reviderte...