mandag 6. desember 2010

søndag 5. desember 2010

Hus II


"Hus II", digitalt print... Foto behandla i Photoshop...

fredag 3. desember 2010

Klar for Vågalt


Då er ME klare til Vågalt 2010... Opnar i morgon kl.11.00...

torsdag 2. desember 2010

Vågalt 2010


Velkommen til Vågalt-messa på Hemmingstad kultursenter!
Lørdag 4.des. 11-16
Søndag 5.des. 12-16

onsdag 1. desember 2010

Røde Hjarte for Jul og Gjenbruk


Eit berg av røde Hjarte for Jul og Gjenbruk, klare for cellofan og lapp...
Takk til gode hjelparar!

søndag 28. november 2010

1. søndag i advent - julamessa


PåGløtt har hatt ein koseleg 1.søndag i advent på julamessa på Stegaberg

Skjerf


Skjerf er eit PåGløtt-produkt kor utgåtte strikkaplagg får nytt liv som skjerf...

lørdag 27. november 2010

Jul i Rosendal


I dag har E. hatt ein triveleg dag på julemarknad i Rosendal http://www.julirosendal.no/
I Rosendal finn ein og http://www.rosendalturisthotell.no/ og i dette flotte hotellet finn ein butikk med gjenbruksprodukt som t.d LyspæreEnglar og Hjarte for Jul og Gjenbruk frå PåGløtt

fredag 26. november 2010

Julamessa


Søndag 28.11 treff du PåGløtt på Julamessa på Stegarberg... Ope frå klokka 12.00

mandag 15. november 2010

Take off II


6 LysPæreEnglar klare for take off... dei er på veg mot desember...

søndag 14. november 2010

SamleBok


SamleBoka er eit PåGløtt-produkt kor du kan samla dei gode ideane, orda, bileta eller anna kvardagsmagi som fortener plass mellom to permar...

lørdag 13. november 2010

Hjarte for jul og gjenbruk


Den utgåtte Selbugenseren, den alt for store Islenderen som klør og sokkane som ikkje er til å redda med stopping har fått nytt liv som Hjarte for jul og gjenbruk... I morgon reiser dei til Rosendal...

mandag 1. november 2010

Velkomen!


Velkomen til opning av Kunsthjørna!
Ope frå 12.00-18.00 i dag, ellers ope frå 10.00-18.00

søndag 31. oktober 2010

Ferdig!


PåGløttrom er ferdig! Klart til opning i morgon kl.12!
Velkomen til Kunsthjørna, Strandgaten 174...

Snart ferdig...


Litt finpuss, så er me klare...

lørdag 30. oktober 2010

Snart opning...


Snart Opning av Kunsthjørna! M & E har hatt ein god arbeidsdag med innredning av PåGløtt-rom... og utstillingsvindu...

Posar...


Posar med litt kvardagsmagi... MotivasjonsKnapp, KvalitetsTidTe, StyrkePiller, PønskeTau og LæringsLauk.....

søndag 24. oktober 2010

Sinte fuglar...


E. har hatt i oppgåve på studiet å illustrera artikkel med tema: sinne... Då blei fabeFuglane av fingeravtrykk scanna inn og bearbeida i Illustrator til sinte fuglar...

torsdag 21. oktober 2010

LysEngel


...LysEngel med krage av Lys-ord...

tirsdag 19. oktober 2010

Hjarte for Jul og Gjenbruk


"Hjarte for Jul og Gjenbruk" er eit PåGløtt-produkt av gjenbrukte ulltekstilar...
kanskje er hjarte ein utgått strikkasokk, litt av det utslitte strikkaplagget eller delar av eit avleggs ullpledd... og kvart hjarte har eit fint ord...

LureTavla og PønskeTau


M & E har mykje idear og ting dei lurer på, som lett forsvinn i gløymeboka... derfor har dei no laga LureTavla (dei har ikkje smartboard) og PønskeTau på kontoret...

søndag 17. oktober 2010

SangarEngel


...SangarEngel med krage av songrelaterte ord...

fredag 15. oktober 2010

Kunsthjørna...

1. november kl 12.00 opnar butikken Kunsthjørna i Haugesund... Der finn du blandt mykje anna spanande, eit eige PåGløttrom... med LyspæreEnglar, Hjarte for Jul og Gjenbruk, Magiske oppvaskklutar, bilder, KvalitetstidSokkar, Saum og Poetiske Prøvelappar...

søndag 10. oktober 2010

Utprøvingar...


Me i PåGløtt likar gjenbruk... og har latt oss utfordra til å tenke julapynt av gjenbrukte material... Her ser du prøvelappar av: "Hjarte for jul og gjenbruk", av tova strikkasokkar (sokkar det ikkje lenger er håp for etter fleire omgangar med stopping og maskinvask), maskinsaum og laminerte små fine ord klippa ut av ei gamal salmebok.....

torsdag 7. oktober 2010

ForskarFestivalen


Fredag er det ForskarFestival i kjellaren på kulturhuset... då skal me leike med Metall, Tekstil og Tre...

onsdag 29. september 2010

FontFestivalen


FontFestivalen, ein heil dag med skrift i ulike former, med ulike verktøy..........og Bokstavkjeks...

onsdag 22. september 2010

FontFestival


Fredag er det duka for FontFestivalen 2010... i kjellaren på kulturhuset der vg1 design og handverk og vg2 interiør- og utstillingsdesign held til...

søndag 19. september 2010

Gåvepapir


E. har hatt i oppgåve å laga eit gåvepapir under opplæring i Illustrator... det blei eit PåGløtt-gåvepapir med englavenger....

lørdag 18. september 2010

...i det grøne...


Studenten har hatt ny foto-oppgåve... det arrangerte foto, ein fotokommentar.....

mandag 13. september 2010

BokDyr


Laila har og blitt inspirert av FantasiFestival-aktivitetane... og teikna bokdyr av fingeravtrykk.....

lørdag 11. september 2010

Raudbet...


Tid for å sylte raudbetane frå hagen... og E. fant den mest estetiske raudbeten han nokon gong har sett...

fredag 10. september 2010

FabelFuglar I


M & E blei så inspirert av FabelFuglane som kom fram under FantasiFestivalen...
Fingeravtrykk og penn...

torsdag 9. september 2010

Uteløe


Foto med motiv knytt til tema "naturen som sakte tek tilbake det kulturen forlet..." ei tolking av møtet mellom natur og kultur...

lørdag 4. september 2010

Frå FantasiFestivalen...


Vg1 og Vg2 hadde ein vellukka FantasiFestival... med teikning og fabulering, fabeldyr og fantasikaker, Alice in wonderland, transformasjon og produktutvikling...

Steingard


E. studerer på si, og har hatt ei fotooppgave med tema "der natur og kultur møtes"... Biletet av ein mosegrodd steingard er eit døme på at naturen sakte tek tilbake det kulturen forlet...

onsdag 1. september 2010

FantasiFestival


M og E gler seg til fredagens FantasiFestival saman med elevane på VG1 og VG2!

mandag 16. august 2010

MotivasjonsKit


PåGløtt fekk i oppdrag å lage ein velkomst til lærerane første dag etter feiren...noko som kunne vare utover året... Det blei eit MotivasjonsKit til bruk i ymse stunder, ved behov... Innhald: bl.a. MotivasjonsKnapp, Styrkepiller, LæringsLauk, StyrkeStaur, og eit ass. utval varm drikke t.d. KollegaKos-te, Fordi du fortener det-te, for den mest slitsamedagen-kaffi og når du er glad-te...

søndag 8. august 2010

Tru, Von og Kjærleik


Bruras heimesydde kjole med eige trykka silkestoff med tekst, inspirerte E. BryllupsGåva blei eit SkriftBilde med utdrag frå Kjærleikens høgsong...

søndag 1. august 2010

StrikkePosar


Ute regnar det...inne sys det StrikkePosar...
fora med gamle gardiner... og avlagte snorer og lukkemekanismar frå utgåtte klær...

fredag 30. juli 2010

MaterialGlede


E har vore på ferie i Danmark og kom heim med eit lass med englastreng, lommesteinar og bøker som kanskje blir eit produkt...InspirasjonsBok?

lørdag 24. juli 2010

Medalje

Etter 2 dagars kurs i Bergen med tema "Kongeleg variete", kom hu mor hjem med medalje til far i huset. Medalje i 18 lag, ei gåve til 18årsbryllupsdagen.... og far i huset vil gjerna at medaljen blir utvida med eit nytt lag kvart år:))

fredag 23. juli 2010

Tova vesker

Tova vesker, med 2 rom. Dei skal vera med å halda orden i ei enda større veske...


Sommaraktivitet for ein tenåring...

Dersom strikkepinnane er utanfor rekkevidde går det greitt å strikka skjerf med spiker og...

INSPIRASJONSgave


...en vakker forsommerdag kom den store byjenta hjem fra en tur til hovedstaden, og med seg hadde hun en inspirasjonsgave til PåGløtt..... en stor, stor tekopp som må holdes med begge hender.... Kanskje Vilje og Luskefanten snart har lyst til å komme fram fra kladdebøker og notater...

søndag 27. juni 2010

StrikkePose


StrikkePose med Strikka StoppeNålsPute og Motivasjonsknapp...

tirsdag 22. juni 2010

Ny innpakning...


HuskeLappStein i ny innpakning...

torsdag 17. juni 2010

HundaSlips...


Matfar har vært på todagars tekstilkurs i Bergen. Så Birk har fått nysydd slips...

mandag 14. juni 2010

lørdag 12. juni 2010

Lørdagens LoppeFunn


Nokre Dukar frå dagens loppemarked som skal bli BærenettInnsider...

tirsdag 18. mai 2010

HuskeLappSteinar II


HuskeLappSteinar... Med ord...(rammelim på stein)

fredag 14. mai 2010

Vårens vakraste PAPIReventyr


.
..heiter Vg1 DH si siste oppgåve dette skuleåret. Dei skal jobbe med kvitt kraftpapir. Her er eit døme på korleis dei kan gå laus på oppgåva.