onsdag 21. mai 2014

BakendeLunar til ein kald vevstol...










Ein kan liksom sjå føre seg at det var litt kaldt på loftet eller i kammerset der vevstolen sto, iallefall før i tida... Her er ein BakendeLunar til å sitta på, på vevstolen... Den er laga av eit åkle, med baksida ut (det var var eit så fint, geometrisk og ryddig mønster på baksida)... på åkle er det sydd på kryss og tvers med rettsaum av same gulfarge som i veven... grått møbelstoff med brodert tekst...gode ord om vev (utdrag frå Olav H Hauge sitt dikt "Teppet")

Lilla...






























Lilla åkle vevd i nyare tid... er blitt dekor i Puter og FotKvilar... Dei vevde åklene, både nye og gamle har så mykje fine fargar og mønster!...... men så passar det ikkje alltid inn med eit heilt stort åkle i interiøret... Ein liten åklebit derimot, kan væra prikken over i-en og ein liten fargeklatt i det kvite og grå...

FotKvilar åkle og turkis









lørdag 17. mai 2014

FotKvilarar - Åkle på nytt










To Fotskamlar omgjort til FotKvilarar... Pussa treverk (på den eine viste det seg å væra teak under laga med lakk, den andre same bøk som beina) Åkle, møbelstoff og store heimetrukne knappar.....