onsdag 26. februar 2014

FotKvilar II...








E. har i ei tid samla fotskamlar med tanke på redesign... dei fine formene fortener det, å bli fornya litt og få nytt liv... Den slitne brennmerka, flekkete Fotskammelen er no redesigna til ein FotKvilar. Bak den krakkelerte lakken skjulte det seg nydeleg bøk som no er godt pussa og såpevaska... trekket er skifta ut med eit turkis møbelstoff, ein farge ein ikkje kan sjå seg mett på!... Også ein liten lapp med bruksanvisning og eit lite foto av produktet før fornyingsprosessen...

2.gongs fornying...



















For nokre år sidan blei Puffane som er ein del av eit soveromsmøblement med seng, skåp, toalettbord og nattbord, fornya med kvit måling... Puffane bur på kjøken då dei er særs funksjonelle til å både lagra opptenningsved og interiørmagasin i, og ikkje minst kvila føtene på når ein sitt i gyngestolen ved peisen... Men med nytt kjøken var det tid for 2. gongs fornying av både farge og tekstil...



















Puffane blei renovert i hengslene, det blei måla nokre strøk så ein fekk ein svart silkematt overflate, så blei det slitne men fine raude og kremfarga stoffet bytta ut med grått møbelstoff i ull... og eit par heimetrukne knappar av utgått ytterjakke i ull...

tirsdag 11. februar 2014

Leik med akvarell og digitale verktøy...




















E. jobba med akvarellutprøvingar saman med elevane i VG1 design og handverk. Det var inspirerande... Her er eit par eksempel på leik med skanna akvarellutprøvingar jobba videre med i Photoshop og Illustrator... Lag på lag, endringar på farge, filter og effektar...

søndag 9. februar 2014

Sy og Slapp av...



















Det har vore ei triveleg og inspirerande helg med kurset: "Sy og slapp" av i Rosendal i helga. Med utgangspunkt i KvardagsMagi blei det leika med gjenbruksmaterial, symaskin og overlock... PutePønsking vart den eine oppgåva deltakerane jobba med kalla, resulterte i masse fine puter...

onsdag 5. februar 2014

PrøvePuter III











Først blei det laga eit trehus. Så blei dette fotografert. Så blei det klippa og lima og fiksa på i photoshop. Så blei det overført til tekstil med rammelim... og til slutt felt inn i eit stykke dress-stoff , funne i ei restekorg utanfor ein koseleg skreddar-butikk i Toscana...

PrøvePuter II



















Eit ukebladcover frå 1959 er overført til rammelim og feldt inn i grått tynt ullstoff... Også ein raud knapp med kvite prikkar frå ein bluse frå gamledagar...

PrøvePuter I












PuteUtprøvingar før kurs om PutePønsking... Blindkontur-symaskinsaum på lyseblått møbelstoff... Hjarte for gjenbruk klippa ut av utgåtte ullgensrar, kanta med sikksakk-saum og påsydd ullstoff...