søndag 24. februar 2013

Gåve til ei husmor...

For omlag eit år siden hadde ein av elevane til E. ei utstillingsoppgåve. Her var det bruk for ein god gamal langkost for golvfilla som rekvisitt. Det var det ikkje så lett å få tak i, men søstera til E. hadde ein, den var ho derimot så glad i at me måtte lova å levera den tilbake... Langkosten blei kledd med små print av 50-talsreklamar med husmortema for å passa inn i utstillinga...

Betre seint enn aldri; nå hadde søstera bursdag og fekk langkosten tilbake som gåve. Fleire lag med klarlakk blei påført skaftet slik at det tåler vatn og søl, så blei det mekka litt på nokre golvfiller og lagt i cellofan med etikett, slik at dei blei litt sånn halvmagiske (kan føre til at det blir litt kjekkare å vaska golv?) + det blei sydd ei dobbeltsidig HusmorHåveKvilePuta husmora kan kvile seg på etter endt arbeidsøkt...

søndag 17. februar 2013

3 UllPuter i gåve...














Julia fyller 5 år, og då skal det sendast ei gåve nordover... Julias: TenkePuta, KosePuta og SovePuta, laga av avlagte ulltepper, overlock og nokre gamle knappar frå ein arva knappeboks og nokre knappar trekt med gjenbrukstekstil...

Godt bytte...











E. har ei snill mor som avslutta Mariusgenseren han hadde gitt opp å gjera ferdig... Ho måtte jo få ein påskjønnelse i bytte, ein personleg ein, så då blei ein av hennar gamle dukar transformert til NåleBrev ...også eit glas med heimelaga eplemos, godt til brie og blåost...

søndag 3. februar 2013

Kurs: "Gjenbruk og gi bort I"...



















Det vart ein aktiv og triveleg lørdag med kurset "Gjenbruk og gi bort I". 8 lærevillige damer frå Snelleklubben ved Statoil Kårstø gjenbruker tekstil til personleggjorte gåver...














Eit utval av produkta som blei produsert på kurset. Ei gåve med omtanke: Lattelubbe med tilhøyrande PauseTe til den som ein meiner bør minnas på å ta pause innimellom. Ei gåve til inspirasjon: NålePute og NåleBrev til ein ven som treng litt syinspirasjon (eventuelt ei gåve til dei ein meiner kan sy i knappane sine sjølv)...

Få, Gjenbruk, og gi bort...


Her er eit par eksempel på produkt laga til kurset "Gjenbruk og gi bort". Målet er å laga personleggjorte gåver. Gåver laga av material med ein historie gjer det ekstra personleg. Som mottakar valde E.å ta utgangspunkt i tanter som er flinke til å bidra med gjenbruksmateriell. Nålepputa er laga av ein romdelar/gardin som Tante E. hadde i sitt fyrste husvære på slutten av 70-talet. og Halsen er laga av ein godt brukt, holete strikkagenser, som Tante S. no kan få igjen, med ein ny funksjon.