lørdag 26. mai 2012

Ekta LatteLubber...
















Ei samling Ekta LatteLubber av: skaft frå utgåtte StrikkaLubber (Ekstratova med koking i vaskemaskin), diverse dukar (botn i LatteLubba), QR-kode på duk med rammelim med beskjeden: Slapp av og Kos deg!

onsdag 23. mai 2012

KvardagsMagi



















LatteLubber blir til... i SOLA!

lørdag 19. mai 2012

LatteLubber...


Ein gjeng LatteLubber klare for bruk under kvardagsmagiske øyeblikk, når ein skal nyta eit glas med noko varmt i... LatteLubbene er laga av gamle ulpledd og diverse gamle tekstilar, dekoren er ein QR-kode med beskjeden: Slapp av og kos deg! overført til tekstil med rammelim...

fredag 11. mai 2012

Hjarte for Gjenbruk...











Det er travelt! E. jobbar fram mot utstillinga "Hjarte for Gjenbruk" på Kolbeinstveit i Suldal (Ryfylkemuseet) Opning 16.juni:

Gjenbruksmateriell og symaskin som verktøy er
utgangspunkt for leik med form og farge i både bruksform og bildeuttrykk. Utgåtte lubbar, slitne åkle, broderi og gamle dukar får nytt liv i produkt som til dømes
LatteLubbar, iPadTøflar og BæreNett. Elles vil ein finna LyspæreEnglar, kort og små posar med kvardagsmagi i årets sommarutstilling i løa på Kolbeinstveit.

onsdag 9. mai 2012

Pute med beskjed...



















Deler av ein brodert klokkestreng, grått stoff frå IKEA, kvit rettsaum og ein QR-kode overført til tekstil med rammelim...med beskjeden: Slapp av og Kos deg!