søndag 31. oktober 2010

Ferdig!


PåGløttrom er ferdig! Klart til opning i morgon kl.12!
Velkomen til Kunsthjørna, Strandgaten 174...

Snart ferdig...


Litt finpuss, så er me klare...

lørdag 30. oktober 2010

Snart opning...


Snart Opning av Kunsthjørna! M & E har hatt ein god arbeidsdag med innredning av PåGløtt-rom... og utstillingsvindu...

Posar...


Posar med litt kvardagsmagi... MotivasjonsKnapp, KvalitetsTidTe, StyrkePiller, PønskeTau og LæringsLauk.....

søndag 24. oktober 2010

Sinte fuglar...


E. har hatt i oppgåve på studiet å illustrera artikkel med tema: sinne... Då blei fabeFuglane av fingeravtrykk scanna inn og bearbeida i Illustrator til sinte fuglar...

torsdag 21. oktober 2010

LysEngel


...LysEngel med krage av Lys-ord...

tirsdag 19. oktober 2010

Hjarte for Jul og Gjenbruk


"Hjarte for Jul og Gjenbruk" er eit PåGløtt-produkt av gjenbrukte ulltekstilar...
kanskje er hjarte ein utgått strikkasokk, litt av det utslitte strikkaplagget eller delar av eit avleggs ullpledd... og kvart hjarte har eit fint ord...

LureTavla og PønskeTau


M & E har mykje idear og ting dei lurer på, som lett forsvinn i gløymeboka... derfor har dei no laga LureTavla (dei har ikkje smartboard) og PønskeTau på kontoret...

søndag 17. oktober 2010

SangarEngel


...SangarEngel med krage av songrelaterte ord...

fredag 15. oktober 2010

Kunsthjørna...

1. november kl 12.00 opnar butikken Kunsthjørna i Haugesund... Der finn du blandt mykje anna spanande, eit eige PåGløttrom... med LyspæreEnglar, Hjarte for Jul og Gjenbruk, Magiske oppvaskklutar, bilder, KvalitetstidSokkar, Saum og Poetiske Prøvelappar...

søndag 10. oktober 2010

Utprøvingar...


Me i PåGløtt likar gjenbruk... og har latt oss utfordra til å tenke julapynt av gjenbrukte material... Her ser du prøvelappar av: "Hjarte for jul og gjenbruk", av tova strikkasokkar (sokkar det ikkje lenger er håp for etter fleire omgangar med stopping og maskinvask), maskinsaum og laminerte små fine ord klippa ut av ei gamal salmebok.....

torsdag 7. oktober 2010

ForskarFestivalen


Fredag er det ForskarFestival i kjellaren på kulturhuset... då skal me leike med Metall, Tekstil og Tre...