mandag 24. desember 2012

God Jul...




















...Det er julafta og det kan ein vel strengt tatt ikkje kalla ein kvardag, med glimt av kvardagsmagi, ...å starta morgonen med fyr i peisen og eit glitrande tre i mørket gir magisk stemning i store mengder ... GOD JUL!

lørdag 15. desember 2012

GjenbruksJulaTre...

GjenbruksJulaTre: Ein bjørkekvist festa og fundamentert i ein maisboks med gips, PapirKorger med papirklipp...av gamle boksider, interiørmagasincover, tapetprøvar og symaskinsaum...

onsdag 12. desember 2012

Juleverkstad II.....

Då var materialpakkane klare til morgonkveldens kollegabaserte juleverkstad.
E. gler seg til Suppe og ei god arbeidsøkt saman med både estetikarane,
dei som er gode med ord
og dei som er best med tal ;-)

tirsdag 11. desember 2012

Til Sjømenn og kvinner...













E. har ei tøff søster som er sjømann. Ho reiser ut for å feire jul i Nordsjøen, og sjømenn og kvinner må jo og ha pakkekalender i desember... Pakken blir derfor iPhoneTøffel eller TeleTøffel, alt etter kva for ein kommunikasjonsmaskin ein har... Tøflene har sjølvsagt dekor av eit gamalt Anker-broderi...

fredag 7. desember 2012

Juleverkstad...












Vg2 Interiør- og utstillingsklassen har vore på juleverkstad... det blei ein triveleg dag med julastemning og produksjon av julegåver og julepynt...

JulePønting I...


E. har starta julepyntinga i det små... Trekloss-hus-skulptur-utprøvingar, God Jul frå i fjor, nokre Lerkekvaster og lys på peishylla... (Hysj, men om utprøvingane kjem eit steg vidare blir kanskje TreHus julegåver i år...)

søndag 2. desember 2012

LatteLubber på epla...
















LatteLubber og andre PåGløtt-produkt til salgs på http://epla.no/shops/paaglott/

tirsdag 20. november 2012

Jul & Gjenbruk I...


Sju arbeidsamme damer frå velferdsklubben; SnelleKlubben ved Statoil Kårstø, hadde laurdag kurset Jul & Gjenbruk I i StoraHuset på Askeland. Gjenbrukstekstiler og papir blei til julegåver og julepynt...

tirsdag 13. november 2012

Bokmerke på veg...

Ei samling Bokmerke på veg til Norsk Trikotasjemuseum sin butikk... Gamle broderier, dukar, rester av møbelstoff, utgåtte bibliotekregistreringskort, gamle reklamar frå 50-talet og utklipp frå interiørmagasin overført til tekstil med rammelim...

KvardagsBrikker...



iPadTøfler

Å gi det me ikkje treng lenger ein ny funksjon i staden for å kasta det, t.d. treng me kanskje ikkje mange klokkestrengar på veggen, men me treng jo ein iPadTøffel?.....

GryteKlutar...

Dei fleste av oss bur i varme hus, så då treng me kanskje ikkje alle ullteppene... Då kan dei få ein ny funksjon, i form av eit produkt me treng, t.d. Gryteklutar... I stedet for å varma, skal dei verna...

torsdag 8. november 2012

Monter med KvardagsMagi...


På biblioteket i Etne finn ein nå ein liten MiniUtstilling av PåGløtt-produkt...

fredag 5. oktober 2012

BroderiSkattar...

E. var så heldig å få lov til å gå på skattejakt i eit gamalt hus. Her er nokre av skattane vaska og hengt til tørk før dei kanskje blir puter, iPhoneTøfler eller andre gjenbruksprodukt?

Stille, stille Haust...


Gult og svart...








Gul skål FOTO: Grethe Nygaard http://grethenygaard.no/

Svart og gult er så fantastisk fint saman synes E. Her er eit par skattar...


lørdag 29. september 2012

PotetTrykkGyngeStolPute...





















E. har oppdaga den inspirerande teknikken: PotetTrykk! Prøvelappen måtte brukast til noko... og siden E. hadde eit behov for ei pute i nakken under den daglege middagskvilen i gyngestolen på kjøkenet, så måtte det bli ei GyngeStolPute. Først blei det skåret ut ei bladform i potet, denne blei brukt til å trykka lag på lag med ulik valør av gul tekstilmaling med litt svart i. Så blei symaskinen bruka til å laga gul kontur rundt alle bladene, før nokre til slutt fekk svart kontur. Prøvelappen blei felt inn i mørk grått møbelstoff av ull og fylt med putefyll frå IKEA...

lørdag 22. september 2012

Klart lokale...

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Då var Raualøo i Rosendal klar til Velgjort Velbrukt-kurs...

fredag 21. september 2012

Nokre nye KvardagsMagiar...










TemaPakkar med LatteLubber og noko attåt...
Te for To i telys og ein sjokoldade på deling
HusmorBelønning (Te, telys, sunlight og ein ørliten sjokolade)
HusfarBelønning (Kaffi, avis og fleire sjokoladar)

Kurs - Velgjort Velbrukt

E. ser fram til ei kreativ helg med kurset Velgjort Velbrukt i Rosendal, eit kurs kor gjenbrukte tekstiler er hovedmateriale og symaskinen verktøy...

mandag 18. juni 2012

Pause...









Det vart ei triveleg opning av utstillinga på lørdag... No har E. rydda arbeidsrommet, ikkje spor igjen av aktivitet, berre ei rein og tom arbeidsflate som står klar til leik med gjenbruk, form og farge til hausten... for no er det pause...kanskje... Først med ein god kaffikopp i premien som blei innkjøpt etter opninga på ein bruktbutikk... Så skal E. kosa seg med hagearbeid! Trur det må lånast ein smartphone og scanna QR-koden på KvardagsBrikka med beskjeden "slapp av og kos deg"... Nyte... Kvardagsmagi...

lørdag 16. juni 2012

fredag 15. juni 2012

Ferdig...



















Då var utstillinga "Hjarte for Gjenbruk" på Kolbeinstveit ferdig og klar til opning i morgon kl. 13.00











søndag 10. juni 2012

Mellomverk III



















Mellomverk III er laga av utslitte putetrekk kor broderier, stikningar og kanter er brukt som dekorative element saman med rammelimstrykk av QR-kode, ein lapp med initialene til den tidligare puteeigar, lause trådar og leik med symaskin...Tidlegare puteeigar har nok farga ei kvit pute lys grøn, derfor eit fargeinnslag i "Mellomverket" med broderi...same farga stoff er og brukt som underlag for QR-koden og som eit gjentakande element som avslutning nederst...

lørdag 9. juni 2012

Mellomverk II



















Mellomverk II er laga av gamle putetrekk som har gjort sin misjon som putetrekk... Mellomverk II prøver å seia noko om Kvardagsmagi, pausen og øyeblikket... Mange draumar er kanskje draumt på putene, i sovepausane... "Mellomverket" her består av eit stykke gamal pute med rammelimstrykk av bokstavar på baksida, trykket er brukt som mønster for handbroderte bokstavar med svart sytråd... Elles mykje lause trådar og ein liten gul QR-kode med ein beskjed...

fredag 8. juni 2012

Mellomverk I


Mellomverk I er eit tekstilt pyntehandkle-inspirert veggelement av gjenbrukte gardiner, litt magisk alginatstoff som forsvinn i vatn, tekst påført med transferpapir, QR-kode påført med rammelim og eit rammelimstrykk med utsnitt av"Fager kveldssol smiler" frå Landstads reviderte...

lørdag 26. mai 2012

Ekta LatteLubber...
















Ei samling Ekta LatteLubber av: skaft frå utgåtte StrikkaLubber (Ekstratova med koking i vaskemaskin), diverse dukar (botn i LatteLubba), QR-kode på duk med rammelim med beskjeden: Slapp av og Kos deg!

onsdag 23. mai 2012

KvardagsMagi



















LatteLubber blir til... i SOLA!

lørdag 19. mai 2012

LatteLubber...


Ein gjeng LatteLubber klare for bruk under kvardagsmagiske øyeblikk, når ein skal nyta eit glas med noko varmt i... LatteLubbene er laga av gamle ulpledd og diverse gamle tekstilar, dekoren er ein QR-kode med beskjeden: Slapp av og kos deg! overført til tekstil med rammelim...

fredag 11. mai 2012

Hjarte for Gjenbruk...











Det er travelt! E. jobbar fram mot utstillinga "Hjarte for Gjenbruk" på Kolbeinstveit i Suldal (Ryfylkemuseet) Opning 16.juni:

Gjenbruksmateriell og symaskin som verktøy er
utgangspunkt for leik med form og farge i både bruksform og bildeuttrykk. Utgåtte lubbar, slitne åkle, broderi og gamle dukar får nytt liv i produkt som til dømes
LatteLubbar, iPadTøflar og BæreNett. Elles vil ein finna LyspæreEnglar, kort og små posar med kvardagsmagi i årets sommarutstilling i løa på Kolbeinstveit.

onsdag 9. mai 2012

Pute med beskjed...



















Deler av ein brodert klokkestreng, grått stoff frå IKEA, kvit rettsaum og ein QR-kode overført til tekstil med rammelim...med beskjeden: Slapp av og Kos deg!

tirsdag 17. april 2012

iPadTøffel m/ SjøGrønt stjernebroderi...


Litt brodert løpar + litt ullgenser + litt ullteppe + overlockmaskin + symaskin = iPadTøffel i SjøGrønt og Brunt...

tirsdag 10. april 2012

LoppeDukarBæreNett...


Litt nye BæreNett av LoppeDukar... Vendbare, ei side med LoppeDukar og ei med grå IKEA-Stockholm...

mandag 12. mars 2012

KvardagsBrikka, QR og lilla sikksakk...


KvardagsBrikka er eit PåGløtt-produkt av gjenbruksmaterial... Her er ei brodert pute omgjort til ei brikka med QR-kode og lilla kanting... Etiketten kjem med bruksanvisning: "Når du skal setta deg ned og slappa litt av med ein kopp med noko varmt i, legg du KvardagsBrikka under yndlingskoppen, og lar den minna deg om å ta vare på øyeblikket og glimta av kvardagsmagi"...

onsdag 7. mars 2012

iPadTøffel m/GULT...


iPadTøffel av eit fargerikt åkle, kanta med GULT!

søndag 4. mars 2012

fredag 2. mars 2012

VerdensVeven...


iPadTøffel av Ullgenser, ullteppe, ullåkle og eit rammelimstrykk av ein QR-kode som gjer deg ordet VerdensVeven når ein scannar den...

TabTøffel...


TabTøffel til GalaxyTab... Av Mormors gamle gardiner, eit utklipp frå Det Beste-magasin frå 50-talet, eit avlagt broderi og fòr av eit utslitt ullteppe...

DraumOmHageTøflar...


Draum og Hage Tøflar i Hageinspirert etui... Grøne lommetøflar i etui av gjenbrukstekstil dekorert med utklipp frå frøkatalogen overført til tekstil med rammelim... Inneheld bruksanvisning før bruk ein kald vinterdag: 1. Brygg deg ein kopp med noko varmt. 2. Ta på DraumOmHageTøflar. 3. Finn fram frøkatalogen. 4. Les gjennom frøkatalogen. 5. Les gjennom frøkatalogen ein gong til. 6. Skriv ønskeliste på frø og planter du vil ha i hagen i år. 7. Fyll på koppen. 8. Les gjennom frøkatalogen ein gong til for å væra sikker på at du ikkje har gløymt noko...

torsdag 16. februar 2012

SmåGåver...


Smågåver til HageElskaren og den som likar sjokolade... Ein frøpose "Hell og lykke i hagen i år" (Cellofankonvolutt, tusjteikning, rammelimstrykk på tekstil, symaskinsaum)... Ein melkesjokolade "Noen sier at lykke ikke kan kjøpes for penger, de har aldri smakt sjokolade" (cellofankonvolutt, armen av ei jakke frå 70-talet, tusj og penteikning, symaskinsaum)