onsdag 16. september 2015

Bryllup. Botanisk Dekor...














Utpå seinsommaren fekk E. eit spanande oppdrag. Botanisk dekor til bryllup i fantastisk fin gamal låve, i eit fint tun. Konseptet for bryllupet var mat frå eige vatn og eigen skog og den gode stemninga eit heimebryllup legg opp til. Eit gjennomført prosjekt... til og med golv, benker og bord er frå eigen skog, skore på tunet og produsert i låven...

Profilen for den botaniske dekoren blei derfor å bruka mest mogleg vekster frå garden, skogen og veikanten...
Alle foto er tekne av Mona Moe Machava
http://monamoe.com/




















Villgras frå skogen, blåbær, gras frå bøen nedom huset, blåklokker frå veikanten (og litt kjøperoser)







































Mosekuler med t.d. bregner, villgras, blåklokker, humle og blåbær...




Produksjonen av dekoren var ein triveleg prosess. Brura og tilreisande gjester var med på dugnad og plukka vekster og bandt både mosekuler og plantearrangement...




















HasselKjegler med mosekuler i vigselsområde, ute, under hundre år gamle bøketrær...


Kvardagsmagi. Haust.




















Kvardagsmagi kan t.d. væra å sjå gulrøter tørka...











...eller nyta synet av ei perfekt sukkerert...