fredag 23. august 2013

Halda seg fast i ein klokkestreng...












E. har innreda ny TV-stove og trengte ei uvanleg lang pute. Den måtte væra så lang at det var plass til to ryggar, og så lang at den som uheldigvis havnar i sprekken har noko å halda seg fast i... Ein skatt av ein gamal klokkestreng (spesielt fin i fargane) frå Sørlandet blei brukt som utgangspunkt og felt inn i grått møbelstoff. Dei store knappane er kledd med same møbelstoff, men med symaskinsaum på kryss og tvers i gult for å skapa heilskap mellom det grå og det fargerike...












Om ein ikkje er i humør til fargerike broderier akkurat den dagen, kan ein jo snu Puta og heller slappa av med litt FargeKlattar...