torsdag 29. desember 2011

Lubbe-restaurering...


Mormor til E. er mester i strikking av lubber, flink til å bruka opp alt restetråden og flink til å sette saman fargar. Eit par av favorittlubbene til E. er no etter 3 rundar med stopping ikkje lenger til å redda med nål og stoppesopp... Så då må ein til med meir omfattande restaurering. Garn i tilnerma like fargar er innkjøpt... den utslitne foten er klippa av skaftet og nye masker henta fram i dei gamle... så blir gamalLubba brukt som mønster for nyLubba...

lørdag 10. desember 2011

Kvardagsmagi...



E. har fått nytt arbeidsrom... utsikta ei morgonstund gir både arbeidslyst og inspirasjon...

søndag 4. desember 2011

Fabelinsekter + symaskin = Bokmerke



Laserprint på gode gamle overheadark sydd på diverse bakgrunnar som våtromstapet, utklipp frå reklame og ark med tekstur...

Farga med tusj og kollasj...


Insekter farga med tusj og utklipp frå interiørmagasin...

Fingermerker, Insekter og Leik med strek...



E. skulle leika litt med teikning... med tanke på julegåver til dei minste... Fingeravtrykk blei teikna litt på så det blei innsekter av dei, også litt kollasj, så skanna inn på pc og ordna på i Photoshop og Illustrator...

Engler på Epla...



Nå finn ein LyspæreEngler og SveveEngler på epla...
paaglott.epla.no