tirsdag 23. april 2013

TreHus














TreHus, leik og eksperimentering med trematerialet og husformen (som E. synes er den vakraste formen som finnest). Husa har ein grunnflate på ca 9x9 cm. Døme på produksjonsprosess: Skummel bandsaging, pussing, skjæring, pussing, lasering, dypping i maling, pussing, lasering igjen, pussing og bivoksing...

mandag 22. april 2013

Grå KvilePuter med FargeKlattar...


Store knappar på små puter...
Rettsaum av lys og mørkare turkis på kryss og tvers... rosa på rødt og prikkete bit av solsengtrekk frå lenge sida...

KnappaTrekking...

 

E. har fått knappedilla. Å trekke knappar er så kjekt, då kan alle moglege rare tekstiler brukast, då det berre er ein knapp, eit lite element i det heile... fungerer som eit lite punktum eller prikken over i-en om du vil... leik med kontrast og farge... Her er døme på div. tekstiler: 60-jakke, solsengtrekk frå blomsterbombeperioden, duk, gardin, hekladuk, broderi, rammelim...