søndag 24. februar 2013

Gåve til ei husmor...

For omlag eit år siden hadde ein av elevane til E. ei utstillingsoppgåve. Her var det bruk for ein god gamal langkost for golvfilla som rekvisitt. Det var det ikkje så lett å få tak i, men søstera til E. hadde ein, den var ho derimot så glad i at me måtte lova å levera den tilbake... Langkosten blei kledd med små print av 50-talsreklamar med husmortema for å passa inn i utstillinga...

Betre seint enn aldri; nå hadde søstera bursdag og fekk langkosten tilbake som gåve. Fleire lag med klarlakk blei påført skaftet slik at det tåler vatn og søl, så blei det mekka litt på nokre golvfiller og lagt i cellofan med etikett, slik at dei blei litt sånn halvmagiske (kan føre til at det blir litt kjekkare å vaska golv?) + det blei sydd ei dobbeltsidig HusmorHåveKvilePuta husmora kan kvile seg på etter endt arbeidsøkt...

søndag 17. februar 2013

3 UllPuter i gåve...














Julia fyller 5 år, og då skal det sendast ei gåve nordover... Julias: TenkePuta, KosePuta og SovePuta, laga av avlagte ulltepper, overlock og nokre gamle knappar frå ein arva knappeboks og nokre knappar trekt med gjenbrukstekstil...

Godt bytte...











E. har ei snill mor som avslutta Mariusgenseren han hadde gitt opp å gjera ferdig... Ho måtte jo få ein påskjønnelse i bytte, ein personleg ein, så då blei ein av hennar gamle dukar transformert til NåleBrev ...også eit glas med heimelaga eplemos, godt til brie og blåost...

søndag 3. februar 2013

Kurs: "Gjenbruk og gi bort I"...



















Det vart ein aktiv og triveleg lørdag med kurset "Gjenbruk og gi bort I". 8 lærevillige damer frå Snelleklubben ved Statoil Kårstø gjenbruker tekstil til personleggjorte gåver...














Eit utval av produkta som blei produsert på kurset. Ei gåve med omtanke: Lattelubbe med tilhøyrande PauseTe til den som ein meiner bør minnas på å ta pause innimellom. Ei gåve til inspirasjon: NålePute og NåleBrev til ein ven som treng litt syinspirasjon (eventuelt ei gåve til dei ein meiner kan sy i knappane sine sjølv)...

Få, Gjenbruk, og gi bort...


Her er eit par eksempel på produkt laga til kurset "Gjenbruk og gi bort". Målet er å laga personleggjorte gåver. Gåver laga av material med ein historie gjer det ekstra personleg. Som mottakar valde E.å ta utgangspunkt i tanter som er flinke til å bidra med gjenbruksmateriell. Nålepputa er laga av ein romdelar/gardin som Tante E. hadde i sitt fyrste husvære på slutten av 70-talet. og Halsen er laga av ein godt brukt, holete strikkagenser, som Tante S. no kan få igjen, med ein ny funksjon. 


søndag 20. januar 2013

FotKvilar...











Ein skulle jo vore flinkare til å dokumentera prosessen, som t.d å ta "før-bilete" av det ein oppgraderer... men i iveren etter å få eit ferdig produkt gløymer ein det... E. hadde eit behov for ein FotKvilar i den nye lesekroken ved peisen. I kjellaren sto det ein gamal utslitt ein på vent, med slitne føter og flekkete trekk. Med eit par målingsstrøk (med trappemaling slik at det heng i hop med omgivnadane), skumgummi, eit stykke grått møbelstoff og knappar trukke med ein rest limegrøn silke, blei det eit stykke fint møbel... God til å kvila føtene på er den nok og, skal testas ut i løpet av søndagen :-)

tirsdag 8. januar 2013

Tapet...



















Gamle tapetrullar var helgas bruktbutikkfunn... det kan det bli fine gåveinnpakningar av...eller anna...

mandag 24. desember 2012

God Jul...




















...Det er julafta og det kan ein vel strengt tatt ikkje kalla ein kvardag, med glimt av kvardagsmagi, ...å starta morgonen med fyr i peisen og eit glitrande tre i mørket gir magisk stemning i store mengder ... GOD JUL!

lørdag 15. desember 2012

GjenbruksJulaTre...

GjenbruksJulaTre: Ein bjørkekvist festa og fundamentert i ein maisboks med gips, PapirKorger med papirklipp...av gamle boksider, interiørmagasincover, tapetprøvar og symaskinsaum...

onsdag 12. desember 2012

Juleverkstad II.....

Då var materialpakkane klare til morgonkveldens kollegabaserte juleverkstad.
E. gler seg til Suppe og ei god arbeidsøkt saman med både estetikarane,
dei som er gode med ord
og dei som er best med tal ;-)