Eit gamalt åkle som hadde gjort ferdig sin misjon som hytteveggpryd er tova i maskin og blitt til fòr...saman med laserprinta Space Invader på tekstil (rammelim) og bitar av ein brodert himmel, har alt fått nytt liv med funksjon å varma og ta vare på ein mobil...
iPhoneTøffel av og med Space Invaders (rammelim på tekstil), rester av ein brodert himmel, ein tova utgått lammeullsgenser og eit godt brukt ullteppe...
Ein iPhoneTøffel til HageElskaren... blei til av Frøkatalogen som kom i posten, ein tova ullgenser som og kom i posten frå ei venleg sjel som meinte den burde få nytt liv og nokre meter gul og turkis sytråd... (bilder frå frøkatalogen er overført til tekstil med rammelim)