onsdag 21. mai 2014

BakendeLunar til ein kald vevstol...










Ein kan liksom sjå føre seg at det var litt kaldt på loftet eller i kammerset der vevstolen sto, iallefall før i tida... Her er ein BakendeLunar til å sitta på, på vevstolen... Den er laga av eit åkle, med baksida ut (det var var eit så fint, geometrisk og ryddig mønster på baksida)... på åkle er det sydd på kryss og tvers med rettsaum av same gulfarge som i veven... grått møbelstoff med brodert tekst...gode ord om vev (utdrag frå Olav H Hauge sitt dikt "Teppet")

1 kommentar:

ALL VERDAS sa...

Olav H. Hauge, det var derfor det var så fint, ja - men å koma på det - denne kombinasjonen - det skal ein annan kunstnar til slikt :-)